
Syril telemark er ein av dei største og mest aktive telemarksklubbane i landet. Det starta i 1981, og so ha ra berre badla poa seg.
I 1981 reiste ein systrending til USA. Han kom att med telemarksvingen.
Systrendingane heima likte svingen godt, og det vaks fram eit sterkt telemarkmiljø på Leikanger utover 1980-talet.
Det fyrste rennet i klubben sin regi vart arrangert på Sognefjellet i påsken i 1985, med kvistar frå påskeløypa som staur.
Det fyrste rennet i Sogn vart arrangert i 1987, i Hodlekve i Sogndal, av Syril telemark.
Syril telemark arrangerte NC i telemark i både 1990 og 1992. Begge renna i Hodlekve.
Syril telemark søkte Sogn og Fjordane skikrins om å få vera med der, til liks med andre greiner på 1980-talet.
Syril telemark tok initiativ til kretslag i telemark kring 1990.
Syril telemark tok initiativ til Åsnes-cup, som fylkesdekkande cup kring 1990
Syril telemark tok initiativ til Tinderittet i 1991, og arrangerte saman med Turtagrø og IL Fanaråk det fyrste Tinderittet i 1992.
Syril telemark tok initiativ til Kjeringi Open i 1992, og har utvikla og drive Kjeringi Open etterpå.
Tinderittet og Kjeringi Open overtok som renn i Sogn, og bakketelemark var lagt på hylla i Sogn.
Syril telemark starta eit nytt renn i 2005, i Systsrondsfjelli. Det vart Sognefjordrennet, etter den flotte utsikten.
I 2008 arrangert Syril telemark NC fjelltelemark i samband med Sognefjordrennet.
Og i 2010 er det NM i fjelltelemark.
Klubben er stor og aktiv, og i 2010 har bakketelemark på nytt vorte ein aktivitet. Klubben sine yngre deltakarar trenar hard fram mot NM.

Syril telemark inviterte på tur til Nordre Dyrhaugstind (2100 moh). Det vart ein fine tur med mykje gode køyring. Det var mange på ryggen denne dagen. Frå Turtagrø og fram til Meinsete, foten av ryggen, var det fritt for snø. Tinderittet, som skulle vore denne dagen, vart avlyst på grunn av snømangelen.
Her kan du sjå ein video frå Sognefjord-rennet i 2009.
Syril telemark skal arrangera NM i fjelltelemark i 2010. Dette skjer i samband med Sognefjordrennet, den 6. mars.
Syril telemark skal dele ut kongepokalen i herrar senior. Det er fyrtste gongen kongepokalen for herrar vert delt ut.
Systrondsgjengen hadde også mykje moro før dei drog i gong telemarksbylja i Norge. Her ein bildeserie frå Josten på langs 17. mai 1980.
Sognefjordrennet Fjell Cross 2009
Her kan du sjå ein video frå Sognefjord-rennet i 2008. Kort løype
Frå Syril sitt 100-årsjubileum i 2006. Odd Eggum og Trygve Rishovd vert intervjua av Roar og Trude.
|
29. januar
|
Dugnad på Kleppa kl 2000, for opning av trekket til
helgi. Har du lyst å vera med, er det berre å koma.
|
|
30. januar
|
Trening på Sogn Skisenter klokka 0800 til 1000. Buss
frå Essoen klokka 0730.
|
|
6. mars
|
NM Fjelltelemark - Sognefjordrennet
|
|
7. mars
|
NM telemark storslalåm - Heggmyri Rett Ned
|
|
17. april
|
Kjeringi Open
|
|
24. april
|
Tinderittet
|