Fantastiske forhold i fjellet
10/03/2011 22:13
Løypesetjarane til Syril telemark kom ned frå fjellet med store smil i kveld. Dei hadde opplevd noko av dei flottaste snøforhold nokon sinne, sa dei. Dei har kome godt i gong med stikkinga, og om veret held seg no, so kan det gå mot eit flott arangement.
Påmeldingsfrist 10. mars 24:00
09/03/2011 17:35
Påmeldingsfristen på nett er sett til 10. mars 24:00. I tillegg er det høve tilå melda seg på på rennkontoret på Kleppa frå 08:00 til 10:00 laurdag 12. mars, renndagen. Me oppmodar alle om å bruka nettet, då det kan bli litt stress på morgonkvisten renndagen.
Domeneproblem www.sognefjordrennet.com
09/03/2011 17:37
Det har skjedd ein feil på "webhotellet" til www.sognefjordrennet.com, og derfor vert reservedomenet www.syriltelemark.no nytta. Feilen kunne ikkje kome på eit verre tidspunkt. Syril telemark beklagar feilen., og vonar at du fann lett fram til denne sida likevel. Feilen vart reta opp midt på degen den 9. mars. Eitt døgn nede.